Moas tips til Norgesferie

Tenk deg at sommaren 2021 skjer berre ein gong i livet! La oss gjera det beste ut av det! Ta med bobbler, god mat og godt lag ut i det fri, ved ei unik utsikt, ein bortgjømd tjern eller ved ein folkespikka tind. Det er opp til deg, men for all del gjennomfør planar og ønsker. Me har godt av frisk luft, endorfiner og store smil etter trøttande månadar for mongen. Gå inn for å nyta denna sommaren.

6 VAKRE

NASJONALPARKER

Moa Hundseid
Ulvang Ambassadør

 

Eg vil visa dokken nasjonalparkar det er verdt å besøka. Frå der kan du leka med tanken og skapa turen sjølv. Eg er ikkje fan av folkespikka stiiar og toppar, men andre er, derfor gir eg deg nasjonalparken, toppen finne du, og tilpasse folkemengden sjøl!

Mange trur ein alltid må opp på toppane for at det skal vara ein velykka tur, neidå det stemme ikkje, dalane kan vara vel så flotte så tindane. Tenk elvane, isbreen som brer seg nedover dalen, seterslivet og roen.

 

HARDANGERVIDDA

Endelause opplevingar ligge gjømt i viddene. Dyrelivet, det mektige landskap og roen. Hardangervidda er lett tilgjenglig, du kan velga mellom å kryssa nasjonalparken i alle mulige variantar med enkel mulighet å velga kollektiv transport tur retur på ruta. Turistforeningshyttene tilbyr gode smaker og luksus, eg ville foretrekt telt, fiskestang og mindre folkemasser men det er det så er så fint at ein kan velje det som passar ein best.

 

Les også: Claires tips til Norgesferie - Senja

 

SALTFJELLET - SVARTISEN NASJONALPARK

Saltfjellet er alt i eit pakken! For ein unik nasjonalpark! Du har skog til lettkledde fjell, bre til turkise vatn, vidder til meir bratte fjell. Denne nasjonalparken bergtok meg på veien til nordkapp for nokon år sidan. Tankane mine har gått og vil ta meg tilbake, ein unik plass å tilbringa sommarferien sin.

 

Sommerull

Ull reagerer på forandringer i kroppstemperaturen. Når temperaturen stiger vil ull gi en svalende effekt på kroppen. Ulvang's sommerull er laget i 100% myk merino, perfekt for deg som vil pakke lett på varme sommerturer i fjellet.

SE MER

 

JOTUNHEIMEN

Bratte fjell, kvite tindar og store folkemassar. Tek du turen gjennom meir gjømde dalar kan du nyta spektakulære formasjonar med kvilepuls. Utfordre einsomheten og roen. Sjå folk på lang avstand, og kanskje tussle forbi ei seter som ligg i brakk. Er du ny i turlivet, så kan dalane vara ein fin plass å starte, så kan tindane ligge å vente på seg til du og kanskje resten av turfølge er klar for større utfordringar som besseggen, galhøpiggen og glittertind.

 

Les også: Tines tips til Norgesferie - Vestlandet

 

FINNMARKSVIDDA

Vidda byr på kraftig tradisjon og kultur sjokk for oss søringar! Det samiska slår imot oss som ein drøm me aldrig har opplevd! Viddalanskapet, reistyra og det kraftig respekt for folket og kunnskapen denne delen av landet sitt på! Finnmark bør og må opplevast for å forstå det mektiga det føre med seg.

 

RONDANE

Rondane slår i fine fargar, reinmåsen står i sin prakt som du aldrig har sitt før. Lettgått terreng, mulighet med sykkel og hundekjøring. Badevenlige vatn og flotte styrk frå elvar.

 

DOVRE

Moskus, flotte spell i fargane, svarte fjell og reinmåse. Fint å kombinera med rondane nasjonalpark, besøk snøhetta og få utsikt over store deler av parken. Fjella ser mektige og dramatiske ut når snøen slepp sakte men sikkert ut over sommaren. Nydelig kontrast til svarte fjell og deilig kvitt snø. Kanskje ein dokkert i ei fond på vei opp og lett retur på reva ned snøfonna.

 

 

Finn den nasjonalparken du vil besøka. Peik deg ut ein dal eller eit fjell. Ok, eg vil gå frå sør til nord på hardangervidda eller besøke hårteigen. Last ned norgeskart. Planlegg kor du må gå, alle stiar vise på kartet. Bestill kart i pappirform, med eit kompass. Last ned karta du treng i norgeskart. Søk opp feks hårteigen i ut.no så får du opp bilder, rutebeskrivelse og mulige ruter ein kan ta. Her er det ofta opplyst kva kollketiv transport som er mulig, og lar deg planlegga som kanskje ikkje er så vant eller treng å forbereda deg meir til turen enn andre. Begynn i det små, turen er for deg sjølv og den skal nytast. Ikkje legg opp til ein tur som blir alt for krevande viss du ikkje har erfaringa som trengs, det kan skremma deg meir av enn å få større lyst til å utforska meir av naturen.